torsdag 24. mars 2011

Fleire norske reaksjonar

Laurdag byrja det nyaste vestlege krigseventyret, denne gongen i Libya. Diverre har ikkje den norske regjeringa vore i stand til å innsjå kor uklokt dette er, noko sjølv den borgarlege regjeringa i Tyskland har greitt. I staden har dei slutta opp om Sarkozys, Camerons og Obamas krig med både verbal støtte og norske jagarfly. Sjølv Sosialistisk Venstreparti (SV) sluttar opp om krigen, og ein kjem til å tenkje på striden om Kosovo-krigen i 1999, sjølv om intervensjonistane denne gongen har fenge Tryggingsrådet i SN til å blåstemple krigen.

Heldigvis har fleire partimedlemer, som Simen Johan Willgohs og internasjonal leiar Ivar Johansen kritisert bombekrigen. Sosialistisk Ungdom (SU) har i motsetnad til dei svenske og danske systerorganisasjonane sine, ikkje gjenge på krigspropagandaen, men har framleis den kritiske sansen sin intakt. Raudt har òg kome med ein klar og skarp kritikk av krigen og den norske deltakinga der.

SV har landsmøte denne helga, og det har komme forslag til fråsegner som går mot bombeåtaka, både frå SU og ei anna gruppa partifolk. Diverre kjem Ivar Johansen til å gå av som internasjonal leiar, og det blir knapt nok noka endring til det betre når Petter Eide tek over. Ikkje berre støttar han opp om Libya-krigen, trass i at han har arbeidt i Nei til EU, har han seinare gjeve uttrykk for eit syn på EU som er stikk i strid med det partiet elles alltid har stade for. At SV kan finne på å velje ein EU-tilhengjar som internasjonal leiar, i ei tid der neisida stend sterkare i Noreg enn nokon gong før.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar