fredag 28. januar 2011

SV: Olje

Kva meiner SV om oljeleiting utanfor Lofoten og Vesterålen? Tidlegare i veka blei det meldt at partiet kunne vere på gli, medan andre nektar for at det er tilfelle. Her bør SV lytte til folket og fagrørsla, som ikkje delar "miljøhippiane" og den kaffelattedrikkande, urbane mellomklassa i Oslo sitt einsidig negative syn på denne viktige næringa. Det er nok ikkje tilfeldig at partiet, som alltid har stått uvanleg sterkt i Nord-Noreg, har vore i sterk tilbakegang i landsdelen dei siste par Stortingsvala:

Han mener nordnorske velgere tydelig sa hva de mente under stortingsvalget i fjor.
– SV ble nesten utradert i Nord-Norge, mens partiene som var for petroleumsvirksomhet gjorde det godt. Jeg er sikker på at de fleste som stemte Ap hadde klare forventninger om at partiet ville åpne Lofoten for petroleumsvirksomhet, sier han.
Det burde ha vore sjølvsagt for eit sosialistisk venstreparti å tale industriens sak. Heldigvis er det iallfall eit partimedlem som er på rett side i denne saka:
Samtidig ønsker Stokka økt forståelse i offentlig sektor når det gjelder betydningen av å åpne for oljeboring i Lofoten.

– Jeg håper offentlig sektor forstår hvor viktig det er for våre medlemmer med industrikraft og oljeboring. Vi snakker arbeidsplasser!
Mange i Finnmark SV tok for nokre år sidan til orde for ein meir industri- og arbeidarvenleg politikk. På tide at nordleningane fylgjer etter.


Kanskje på tide at SV byrjar lytte til fagrørsla att?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar